Resertifisert som Miljøfyrtårn
Hardanger og Voss Næringshage vart nyleg resertifisert som Miljøfyrtårn for dei neste tre åra, og er klare til å bistå verksemder med det same.

Miljøfyrtårn
Prosessen har pågått sidan i vår, og innebar mellom anna innrapporteringsprosedyrar, miljøkartlegging og målsetjingar med tilhøyrande tiltaks-, tids- og progresjonsplanar.
Me tek miljø- og berekraftsarbeid på alvor, og du kan lesa meir om fokusområda våre her. Vurderer verksemda di å bli Miljøfyrtårn? Gi oss gjerne ein lyd! Me kan informere om kriterium, krav, prisar og korleis de kjem i gang og sikrar høg kvalitet og god progresjon i arbeidet – og korleis Næringshagen eventuelt kan bidra.