Sigmund Vereide tilsett som ny dagleg leiar!

Sigmund Vereide tok over som dagleg leiar i Hardanger og Voss Næringshage 1. september 2023.

Sigmund Vereide

Sigmund-Vereide

Sigmund Vereide (62) starta opp tidlegare Næringshagen i Hardanger i 2016, og leia organisasjonen i seks år. Etter fusjonen med Næringshagen på Voss i 2022 vart det ein pause frå leiarrolla, før han frå og med 1.september tok over stafettpinnen igjen.

Sigmund har hovudfag i geografi og cand.mag.-grad i biologi i botn, og svært variert bagrunn. Døme er redningsmann på Sea King og bank- og eigedomsverksemd, før han etter kvart gjekk fullt og heilt inn for det som står hans hjarte aller nærast: Næringsutvikling i distrikts-Noreg; å bidra til å skapa levande bygder.

Sigmund kjem til å ha kontor i både Voss og Øystese, og med han på plass er Hardanger og Voss Næringshage med 16 tilsette no Noregs største organisasjon tilknytta næringshage-nettverket. Me har både lokalt og regionalt fokus, og jobbar med prosjekt, arrangement og forretningsutvikling i alle dei seks kommunane som omkransar Hardangerfjorden – nemleg Voss, Kvam, Eidfjord, Ullensvang, Ulvik og Kvinnherad.