Tiril Eldegard Moen er ny dagleg leiar i Voss Sentrum

Me ynskjer Tiril Moen Eldegard velkomen som vikariarende dagleg leiar for Voss Sentrum. Tiril er lidenskapeleg oppteken av å fremja både sentrum og butikkdrift, og har ei god forståing for dei utfordringane og moglegheitene som sentrum står ovanfor.

bilde (2)

bilde (2)

Tiril er ei driftig, engasjert og positiv dame med ein solid bakgrunn innan økonomi, administrasjon, marknadsføring og leiing. I tillegg til rolla som vikarierande dagleg leiar, jobbar Tiril som butikksjef på Voss Brandstore (Kari Traa-butikken). Erfaringa hennar frå detaljhandelen gir ho verdifull innsikt i kva som trengst for å tiltrekkje seg kundar og byggje sterke relasjonar.

Me er glade for å ha Tiril med på laget, og ser fram til å samarbeida med ho for å styrkje Voss Sentrum ytterlegare. Me er sikre på at hennar engasjement og kompetanse vil bidra til ei positiv utvikling både for sentrum og medlemsbedriftene våre.

Tiril startar i jobben 15. oktober.