Voss Næringsråd er etablert

22. mars vart Voss Næringsråd offisielt stifta. Rådet sitt formål er å samla næringslivet i Voss herad til å vera eit formelt høyringsorgan overfor offentlege styresmakter.

Foto: Karoline Fosse

Foto: Karoline Fosse

Rådet skal organiserast som ei medlemsforeining utan ansvar for gjeld, der kvar av fylgjande organisatoriske grupper skal velja ein rådsrepresentant. Fylgjande medlemer av rådet vart valt til å representere fylgjande bransjegrupper:

  1. Industri – Narve Gjeraldstveit
  2. Voss Bondelag og Voss Småbrukarlag – Bjørnar Nedkvitne
  3. Reiseliv
  4. Handel – Hedvig Røhnebæk
  5. Handverkarar – Ståle Rørlien
  6. Entreprenørar
  7. Matprodusentar – Willy Roger Jacobsen
  8. Transport – Steinar Karlsen
  9. Handel utenfor sentrum – Kjetil Tverberg
  10. Tenesteytande – Tonje Tvilde
  11. Gründer/startup

Medlemer som representerer reiseliv, gründer og entreprenørar vert avklara på eit seinare tidspunkt.