Vossadagane er kome for å bli
Vossadagane skal fortsetja å vera møteplassen der ein løftar blikket, ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss.

vossadagane-aarsand (4 of 22)
Vossadagane 2024 starta med at Hans-Wilhelm Steinfeld tok oss med ut i verda, og gav oss ei ektefølt og direkte oppdatering på Russland si krigføring og situasjonen i Ukraina og Europa. Med eit nokså dystert bakteppe, var det likevel håp å spore. Om ein jobbar saman.
Skal me klare å utvikle samstundes som me skal ta vare på naturen, lyt me løfte blikket for å sjå ting frå fleire perspektiv. Finnes det grått areal i nærleiken ein heller kan byggje på framfor å byggje ned natur? Kan me finne gode løysingar som gjer det enklare å leige ut hytta si, framfor at alle skal ha si eiga? Og kven bør leggje føringane og bestemme korleis arealnøytralitet skal definerast? Me fekk ikkje svar på alle spørsmåla under Vossadagane, men me fekk eit betre kunnskapsgrunnlag til å ta gode val i framtida.
Skal ein lukkast i å få til endring, lyt ein ha motivasjon, men også sjå at ein faktisk kan få det til her me bur. Det er difor ekstra godt å sjå at Voss faktisk er ein god plass å bu – og ein god plass å besøka. Det viser blant anna Heradets arbeid med Voss aktivitetspark som vann Landskapsarkitekturprisen 2023. Samstundes vart me presentert framtidas planar og visjonar for den nye Bioparken, som kan bli eit sirkulært knutepunkt for bioressursar i Vestland. No byrjar det bli handfast og konkret, og ein kunne sjå og høyre at dette inspirerte tilhøyrarane i salen. Tenk at ein nok ein gong kan setje Voss på kartet, og denne gongen kanskje bli verdsmeister i noko ingen andre har klart før?
Svein Harald Røine fekk oss til å kjenne på ubehag, men også til å bli ein modigare versjon av oss sjølv. For mot, det treng me skal me klare å mobilisere, og samarbeide for å nå måla. Ein annan som trakk fram samarbeid som nøkkelen til suksess, var John Hammersmark, kapteinen i Kompani Lauritzen. Når ein tenkjer at det ikkje kan bli verre, så kan det alltid det. Jobbar ein saman, vert det litt enklare, og gjennom felles meistring vert me alle betre versjonar av sjølv.
Vossadagane skal fortsetja å vera møteplassen der ein løftar blikket, ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. Me gler oss til fortsetjinga, og håpar me sjåast att i 2025.
