Lastar Hendingar

HO-Investerer

24. september kl 17:00 - 20:30

Ein hyggeleg, lærerik og inspirerande kveld der me set søkelyset på kvinner og investering.

HO Investerer Sept 2026

Hardanger og Voss Næringshage ynskjer DEG hjarteleg velkomen til seminaret “HO Investerer”; ein hyggeleg, lærerik og inspirerande kveld der me set søkelyset på kvinner og investering.

Målet er ikkje å gjera deg til ekspert på éin kveld, men å gje deg kunnskap, inspirasjon og tryggleik til å ta gode økonomiske val og kontroll over eiga økonomisk framtid.

Me stiller sjølvsagt kvinnesterkt frå næringshagen, Sparebanken Norge og fondsforvaltaren Borea. (inkl. bilete?)

Du får høyra om:

✨ Sparing og investering i praksis – og kvifor det er så viktig
✨ Korleis ein fondsforvaltar jobbar
✨ Korleis små grep kan gje store resultat over tid

✨ Erfaringar, råd og vink

Det blir enkel servering av søtt og salt – og høve til sosialisering og refleksjon.

📅 Dato: 24. september 2026
🕒 Tid: kl. 1700-2030
📍 Stad: Scandic Voss

Arrangementet er gratis, men krev påmelding!

Dette er ein kveld for alle kvinner, uansett alder, bakgrunn og erfaring med økonomi og investering.

Så ta med deg ei veninne, ein kollega, naboen eller ein slektning og kom!

Me gler oss til å sjå deg!

📌 Kva er HO?

HO er eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region, og som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.

Hensikta er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.

Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.

HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.

Kvinnenettverket HO, i samarbeid og me støtte frå; Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet

Påmelding

Stad