
Last Tuesday – Oktober
27. oktober kl 14:00 - 16:00
Rekruttering: Korleis får me tak i framtidas medarbeidarar?
Tysdag 27. oktober kl. 14–16 inviterer Hardanger og Voss Næringshage til Last Tuesday på Voss Gymnas.
Tema er rekruttering: korleis får me dei unge til å trivast og veksa hjå oss, og korleis kan lærlingar bli ein veg til nye, dyktige tilsette?
Korleis leiar du unge, og får det beste ut av dei?
Ina Cabanillas Hansen er keynote-speaker, forfattar og rådgjevar innan HR og teknologi, og ei av dei mest etterspurde stemmene i Skandinavia om Gen Z og leiing. Ho har skrive boka «Hvordan forstå og lede Gen Z» og vann «Årets unge inspirasjon» under HER Awards. Ina har bakgrunn frå BI og UC Berkeley og tek no ein master i offentleg styring og leiing.
I føredraget sitt tek Ina for seg korleis me kan forstå unge arbeidstakarar betre, og kva som skal til for å møta dei som leiar. Kva motiverer Gen Z? Kvifor er tilhøyrsle så avgjerande? Og korleis byggjer ein arbeidsplassar der unge både blir verande og veks? Ina gjev svar som utfordrar, engasjerer og kan takast i bruk med ein gong.
Lærling? Det er kanskje enklare enn du trur
Mange bedrifter kunne tenkt seg ein lærling, men lèt vera fordi det verkar krevjande. Den terskelen vil me gjera lågare.
– Voss Gymnas fortel om lærlingordninga, og særleg om linja for sal, service og reiseliv. Skulen ønskjer eit tettare samarbeid med næringslivet og vil gjerne høyra kva som skal til for at lærlingordninga passar for bedrifta di.
– Rettleiingstenesta og Opplæringskontoret viser kva hjelp du kan få, både før og etter at lærlingkontrakten er signert. Du står ikkje åleine med papirarbeid, opplæringsplanar eller oppfølging.
Har du aldri tenkt på å ta inn ein lærling? Kom likevel! Møtet er for alle som skal rekruttera, no eller seinare, og som vil treffa andre i næringslivet over ein kopp kaffi.
Tid: Tysdag 27. oktober kl. 14.00–16.00
Stad: Voss Gymnas
Det vert servert kaffi og noko å bita i. Velkomen!