
HO-Investerer
24. september kl 17:00 - 20:30
Ein hyggeleg, lærerik og inspirerande kveld der me set søkelyset på kvinner og investering.
(Arrangementet er per no utseld, set deg på venteliste ved å sende ein epost til lilly@hardangervoss.no)
Hardanger og Voss Næringshage ynskjer DEG hjarteleg velkomen til seminaret “HO Investerer”; ein hyggeleg, lærerik og inspirerande kveld der me set søkelyset på kvinner og investering.
Målet er ikkje å gjera deg til ekspert på éin kveld, men å gje deg kunnskap, inspirasjon og tryggleik til å ta gode økonomiske val og kontroll over eiga økonomisk framtid.
Du får høyra om:
✨ Sparing og investering i praksis – og kvifor det er så viktig
✨ Korleis ein fondsforvaltar jobbar
✨ Korleis små grep kan gje store resultat over tid
✨ Erfaringar, råd og vink
Det blir enkel servering av søtt og salt – og høve til sosialisering og refleksjon.
Arrangementet er gratis, men krev påmelding!
Dette er ein kveld for alle kvinner, uansett alder, bakgrunn og erfaring med økonomi og investering. Så ta med deg ei veninne, ein kollega, naboen eller ein slektning og kom!
Me gler oss til å sjå deg, velkomen til HO-investerer!
📅 Dato: 24. september 2026
🕒 Tid: kl. 1700-2030
📍 Stad: Scandic Voss
Me stiller sjølvsagt kvinnesterkt frå næringshagen, Sparebanken Norge og fondsforvaltaren Borea, og me har med tre sterke stemmer innan investering:
Brita Steinstø Kristensen – investeringsrådgjevar i Sparebanken Norge, med ansvar for region Hardanger–Midthordland–Voss sidan 2010. Brita er siviløkonom, og ho har lang erfaring med investeringsrådgjeving og oppfølging av kundar.

Audhild Asheim Aabø – porteføljeforvaltar i Borea og har lang og solid erfaring med aksjeinvesteringer i nordiske og globale markeder. Ho har i Borea ansvar for Borea Norden og Borea Aksje. Har tidlegare jobba 9 år i Nordea Asset Management, der ho mellom anna forvalta Nordea Global Diversity Engagement Fund. Audhild er utdanna siviløkonom frå NHH, ofte sitert i media om aksjar og investeringar, og vart i 2026 kåra til ein av Kapital sine «40 under 40»

Iselin Ahmer Solberg – porteføljeforvalter i Boreas renteteam, der hun hovedsakelig arbeider med høyrenteforvaltning, i tillegg til ansvaret for Borea Likviditet og Borea Rente. Hun har solid erfaring innen kreditt- og selskapsanalyse, blant annet fra seks år i DNB Corporate Banking og som selskapsanalytiker i Borea. Iselin er siviløkonom fra NHH og Renteanalytiker fra FFN.

📌 Kva er HO?
HO er eit nettverk for kvinner på tvers av bransje og alder og i Voss- og Hardangerregionen, som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.
Føremålet er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.
Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.
HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.
Kvinnenettverket HO, i samarbeid og med støtte frå; Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet