Lastar Hendingar

Last Tuesday – September

29. september kl 15:00 - 17:00

Velkomen til ein inspirerande og aktuell ettermiddag i Voss Sparebank

Last Tuesday - Ny drakt 2026

I samarbeid med Voss Sparebank, inviterer Hardanger og Voss Næringshage til Last Tuesday i banken sine flotte lokale.

 

Me får besøk av samfunnsøkonomen Ragnar Torvik, som vil gi oss eit blikk på norsk økonomi, næringsliv og dei økonomiske utsiktene framover. Gjennom innsikt i trendar i arbeidsmarknaden, rente- og kronekursutsikter og konkurransekraften til ulike bransjar, legg han opp til ein spennande prat. Det blir òg høve til spørsmål undervegs.

 

 

 

Også på programmet:

Svindel 2026 – slik prøver dei å lura bedrifta di
Kva bør du vere merksam på, og korleis kan du beskytte bedrifta mot svindelforsøk?

Voss Sparebank – ein lokalbank
Ein presentasjon av banken og kva rolle den har i lokalsamfunnet.

Framtidas fagarbeidarar vert utdanna i dag. Korleis kan skule og næringsliv spele endå betre på lag?

Skulen og næringslivet sit på ulik kunnskap. Voss gymnas trur at me saman kan byggje eit opplæringsløp som er betre enn det kvar av oss klarer åleine, og som er tilpassa i større grad dei behova verksemdene har, innanfor rammene av læreplanen.

Kan næringsliv og skule saman gjere sal, service og reiseliv til ein endå tydelegare karriereveg, slik at me sikrar endå meir kompetent arbeidskraft til næringslivet?”

 

Det vert også kaffi, bakverk og nye moglegheiter for mingling,

Me gler oss til å sjå deg!

 

Påmelding

Stad