Benedicte W. Skaug
benedicte@hardangervoss.no | +47 416 02 736
Benedicte er rådgjevar og prosjektleiar og har ansvar for berekraft i Næringshagen. I tillegg jobbar ho med arrangement. Benedicte har mastergrad i økonomi og administrasjon frå NHH, med spesialisering i økonomisk styring samt energi og miljø. I tillegg har ho ein bachelor i reiselivsleiing frå Universitetet i Stavanger. Før ho kom til Voss jobba ho mange år i Visma Consulting med mellom anna HR, økonomi, kurs og arrangement.
Benedicte er innflyttar frå austlandet, og lidenskapeleg oppteken av miljø og berekraft. Ho vart i 2019 tilsett som prosjektleiar i Visit Voss for prosjektet berekraftig reisemålsutvikling, og fekk fast stilling som rådgjevar då dette prosjektet vart avslutta. I juni 2021 fekk Voss tildelt Merket for berekraftig reisemål – les gjerne meir om dette prosjektet her! Dei senare åra har ho mellom anna jobba med sirkularitet i bionæringane og bioparken på Voss.