Kartlegging av regionens kompetansebehov
Hardanger og Voss Næringshage skal i gang med å kartlegge kompetansebehovet i vår region. Kartlegginga vil bli gjennomført av Opinion og vert gjennomført mellom 7. og 25. oktober.

VHF_Workation_2023_Haara_187A1387
Målet er å få meir kunnskap om kva privat og offentleg næringsliv treng av utdanning og kurs. Funna vil bli brukt som ein del av vårt beslutningsgrunnlag for å jobbe fram framtidige utdannings- og kurstilbod i regionen, som ein del av Utdanningsprosjektet.
For å få eit godt grunnlag håpar me flest mogleg let seg intervjue. Telefonintervjua tek ca 5 min.
Har du spørsmål til kartlegginga eller utdanningsprosjektet? Kontakt prosjektleiar Sofie Torlei Olsen.