Korleis skal me sikre nok kompetanse til bygda?

Voss konkurrerer med dei store byane om kompetansen. Korleis kan me ta vare på den arbeidskrafta som alt finst i heradet, og korleis sikre dei framtidige behova? Det var tema då Næringshagen inviterte til panelsamtale om rekruttering og kompetanse på Last Tuesday i februar.

Panelsamtalen vart leia av Tommy Aarethun frå Initiativ Vest, og bestod av Laila Nystad (Voss herad), Håvard Vambheim Styve (Voss Gymnas), Berit Lunde (Scandic Voss) og Ann Kristin Vedå (NAV Voss). Foto: Benedicte Kragh

Panelsamtalen vart leia av Tommy Aarethun frå Initiativ Vest, og bestod av Laila Nystad (Voss herad), Håvard Vambheim Styve (Voss Gymnas), Berit Lunde (Scandic Voss) og Ann Kristin Vedå (NAV Voss). Foto: Benedicte Kragh

Voss får mange tilflyttarar, men dagens tal er ikkje nok til å dekke framtidige behov. Ein veit også at mange vurderer å flytte til Voss, men avventar til partnaren har fått arbeid, eller grunna usikkerheit knytt til bustad og barnehageplass. Det er også kjent at tilflyttinga frå utlandet har avteke etter pandemien.

Paneldeltakarane hadde fleire forslag til korleis ein kan sikre nok kompetanse til bygda, deriblant:

  • Bli betre til å hauste effekten av kultur, natur og fritidstilbod som finst på Voss
  • Synleggjere bygda vår som heilårsdestinasjon også i rekrutteringsarbeidet
  • Samspel mellom verksemder og bemanningsbyrå, for å sikre sesongarbeidarar 100% fast stilling (eksempelvis ved at dei jobbar på hotell ein sesong og som guide neste sesong)

Samarbeid med det offentlege er naudsynt for å lukkast

Næringslivets kompetansebehov på kort og lang sikt er premissgivande for kva kompetanse ein treng på Voss. Her må ein betre synleggjere behovet i næringslivet for ungdommar som skal velje seg utdanning og yrkesløp. Det er også utfordringar knytt til rekruttering for konkrete yrker og sektorar, som lærarar og helsesektoren. Gjennom samarbeid med Vestland Fylkeskommune og Nav kan me komma i dialog med skuleelevar før dei eventuelt droppar ut.

Samarbeid er også nøkkelen for å bistå verksemdene og næringslivet. Blant innspela som kom var blant anna at bedriftene treng hjelp slik at dei vert betre rusta til å ta i mot lærlingar, fleire saknar ei fadderordning på jobb, og ein må samarbeide om å skape gode arbeidsmiljø for dei tilsette me alt har. Som ei start på dette må ein kartlegge kompetansen som alt finst i heradet vårt, både formell og uformell.

Kompetansefloka vart ikkje løyst på dette Last Tuesday arrangementet, men nye samarbeidspartar har fått oppretta dialog, fleire er klar over utfordringane og potensielle løysingar, og ein har tru på at dersom fleire jobbar mot same mål, kjem ein raskare dit.

Les også om utdanningsprosjektet som skal sikre vår region desentralisert utdanning.