Remerka som berekraftig reisemål

I haust vart Visit Voss remerka som berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norges merkeordning.

Foto: Karoline Fosse

Foto: Karoline Fosse

I haust vart Visit Voss remerka som berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norges merkeordning.

Visit Voss er ein del av eit nettverk med over 50 destinasjonar i heile landet som jobbar målretta for både sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Prosessen med remerking har handla om å dokumentera alt det gode arbeidet som vert gjort på Voss, og ikkje minst kva me kan bli betre på dei komande åra.

Ei omfattande innbyggjarundersøking vart gjennomført i sommar/haust, der 1200 vossingar svarte på spørsmål knytt til turismen på Voss. Resultata er fyrst og fremst opplyftande – vossingar er generelt positive til reiselivet. Om lag to av tre meiner turismen bidreg til eit levande sentrum, eit betre kafé- restaurant og uteliv, eit mangfoldig aktivitetstilbod og ikkje minst arbeidsplassar og bulyst. På den andre sidan ser me ei auke i dei som meiner talet på turistar er for mange samanlikna med i 2022, og ein nedgang i talet på dei som er positive til reiselivet.

Om lag halvparten av dei spurde meiner at turistane bidreg til å pressa opp bustadprisane, tek seg til rette utan omsyn til lokalmiljøet, slit ned naturen mm. Dette er utfordringar me som destinasjon må ta tak i saman. Det vart i haust oppretta ei formell destinasjonsleiing, der Voss herad er leiar. Destinasjonsleiinga består av mellom anna store og små reiselivsaktørar, grunneigarar, bondelaget, Voss herad og fleire, og skal saman jobba for å styrke gjennomføringa av Reiselivsstrategi for Voss 2023-2027 og ta tak i dei utfordringane me har. Besøksforvaltning vil difor vere eit sentralt tema det komande året.