Søkjer kandidatar til Bedriftsutviklingspris i landbruket
Kvart år deler Innovasjon Norge ut Bedriftsutviklings (BU)-prisen. No søkjer dei etter verksemder eller personar med næringsverksemd som har basis i landbrukets og bygdenes ressursar.

Foto: Fjord Norway/ Visit Hardangerfjord
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. Den nasjonale finalen vert arrangert i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2024, og me håpar sjølvsagt på ein vinnar frå Vestland.
Kandidatane vert vurdert etter fylgjande kriterier:
Berekraft:
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
Innovasjon og nyskaping
Informasjon om BU-prisen og påmeldingsskjema finn de her. Påmeldingfristen er 20. august 2023.