Tom Rasmussen ny styreleiar i Hardanger og Voss Næringshage
Hardanger og Voss Næringshage har gleda av å kunngjera at Tom Rasmussen er vald som ny styreleiar. Rasmussen tek over for Terje Breivik som har leia styrearbeidet dei siste tre åra.

Tom Rasmussen
Den nye styreleiaren går inn i rolla med solid erfaring frå næringslivet, eit sterkt engasjement for regional utvikling med eit klart mål: å vidareutvikla næringshagen som ein sentral motor for vekst og innovasjon i Hardanger og Voss.
– Eg ser fram til å bidra til å styrka næringslivet i regionen vår. Næringshagen spelar ei avgjerande rolle i å støtta små og mellomstore bedrifter, og eg er stolt over å få vera med å leia dette arbeidet vidare, seier Tom Rasmussen.
Hardanger og Voss Næringshage er ein del av det nasjonale næringshageprogrammet gjennom SIVA, og tilbyr rådgjeving, nettverk og kompetanse til lokale verksemder. Gjennom programmet får næringshagen tilskot til å utvikla berekraftige og framtidsretta verksemder i distrikta.
– Med Tom Rasmussen får me ein styreleiar med både strategisk blikk og lokal forankring. Det gjer oss eit godt utgangspunkt for å utvikle næringshagen til beste for næringslivet i regionen, seier dagleg leiar Trude Undebakke i Hardanger og Voss Næringshage.
Næringshagen har dei siste åra opplevd vekst i både aktivitet og talet på tilknytte bedrifter. Med ny styreleiar på plass, er ambisjonen å styrka samarbeidet med kommunar, fylkeskommune og næringsliv – og å bidra til fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping i Hardanger og Voss.