Vellukka år for Bygg, anlegg- og eigedomsforum

Bygg, anlegg- og eigedomsforum er ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald og bygge kjennskap.

Frå bedriftsbesøk hjå Seimen.

Frå bedriftsbesøk hjå Seimen.

Forumet Bygg, anlegg og eigedom (BAE) har vore ein suksess også i år, og me har fått god erfaring med å ha arrangementa hjå våre målbedrifter. I år har me vore hjå Voss byggsenter, Seimen og Myrkdalen, og på komande arrangement i februar tek me turen til Martin Lid trelast/ Byggtorget.

Grøn omstilling og sirkulærøkonomi har vore, og vil vera tema på komande samlingar, då næringa står ovanfor store krav til omstilling i åra som kjem. Andre aktuelle tema handlar om samarbeid, rekruttering, kontraktar og andre problemstillingar og moglegheiter for næringa. Nytt av 2025 er at me også ynskjer transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg velkomen. Med bygg, anlegg, eigedom og transport treng me eit nytt namn! Har du eit godt namneforslag? Send det til oss!

Nysgjerrig på om Bygg, anlegg- og eigedomsforum er noko for deg og di bedrift?
Dette forumet vart starta i 2021, og sidan den gong har me i Hardanger og Voss Næringshage samla større og mindre aktørar i bygg, anlegg og eigedomsbransjen. Me såg eit behov for ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald, men like mykje for at næringa kan verte betre kjend med kvarandre og få eit større nettverk. Difor legg me opp til god tid til mingling på kvar samling. Forumet møtast fire gonger i året, med ei samling der me køyrer heilaften. Meld deg på eit av våre arrangement, og sjå om denne møteplassen er noko for deg! Me oppfordrar og transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg til å delta!

Forumet er per i dag både for medlemer og ikkje-medlemer av Næringshagen. Ta kontakt med benedicte@hardangervoss.no for å motta invitasjon i framtida!