Voss Næringsråd er etablert
22. mars vart Voss Næringsråd offisielt stifta. Rådet sitt formål er å samla næringslivet i Voss herad til å vera eit formelt høyringsorgan overfor offentlege styresmakter.

Foto: Karoline Fosse
23 mars 2023
Rådet skal organiserast som ei medlemsforeining utan ansvar for gjeld, der kvar av fylgjande organisatoriske grupper skal velja ein rådsrepresentant. Fylgjande medlemer av rådet vart valt til å representere fylgjande bransjegrupper:
- Industri – Narve Gjeraldstveit
- Voss Bondelag og Voss Småbrukarlag – Bjørnar Nedkvitne
- Reiseliv
- Handel – Hedvig Røhnebæk
- Handverkarar – Ståle Rørlien
- Entreprenørar
- Matprodusentar – Willy Roger Jacobsen
- Transport – Steinar Karlsen
- Handel utenfor sentrum – Kjetil Tverberg
- Tenesteytande – Tonje Tvilde
- Gründer/startup
Medlemer som representerer reiseliv, gründer og entreprenørar vert avklara på eit seinare tidspunkt.
Siste innlegg
Sjå andre Aktuelt