Næringshage-samarbeid

Hardanger og Voss Næringshage tilbyr tenestene våre i alle seks kommunar som omkransar Hardangerfjorden. Me er ein særs prisgunstig rådgjevar og støttespelar, og bidreg med rådgjeving innan forbetringsprosessar, strategi, økonomi, marknadsføring, organisasjonsutvikling eller andre fagrelevante område.

I 2023 fekk Hardanger og Voss Næringshage midlar frå Vestland fylke til å tilby næringshageprogrammet også i Kvinnherad og Ullensvang. Prosjektet er eit forpliktande samarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang samt Kvinnherad Næringsservice. Frå tidlegare å dekkje to kommunar, tilbyr me no tenestene våre i samtlege seks kommunar: Ullensvang, Kvinnherad, Eidfjord, Ulvik, Kvam og Voss.


Høgkompetent rådgjeving og sparringspartner

Hjå oss får du som leiar inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent sparringspartnar innan til dømes forbetringsprosessar, strategi, økonomi, marknadsføring, organisasjonsutvikling eller andre fagrelevante område.

Med utgangspunkt i kjenneteikn ved bransjen, marknadene du opererer i og alt som er unikt ved akkurat di verksemd, kan me saman analysere nosituasjonen, vurdere strategiske alternativ, og leggje opp ein konkret, målstyrt handlingsplan. Eller kanskje noko heilt anna – til dømes om verksemda di har utfordringar av meir konkret karakter. For uansett kva situasjonen er, så er me her for deg. Ei rekkje engasjerte rådgjevarar står klare til å hjelpa deg og organisasjonen din. Ein eller fleire av oss held nemleg hus i ei bygd nær deg, og kjem meir enn gjerne på vitjing for å ta ein uformell kaffeprat!

Tilbod om målbedriftsavtale for å skape vekst og utvikling i di verksemd


Me tilbyr målbedriftsavtalar for etablert privat næringsliv, som inneber at me inngår eit gjensidig samarbeid for å skapa vekst og utvikling i di bedrift. Målbedriftsprogrammet tilbyr me i lag med samarbeidspartnarane våre i Ullensvang og Kvinnherad, og du får tilgang på ressursane og arrangementa hos alle tre aktørar.  

Som målbedrift får du:

  • Behovskartlegging med gjennomgang av status på verksemda og analyse av utviklingspotensial og/eller fokusområde
  • Inntil 16 timar årleg bistand i form av rådgjevingstenester (i tillegg til situasjonsanalysen)
  • Moglegheit for særs god rabatt på ordinær timepris på tenester ut over målbedriftsavtalen.
  • Prioriterte og rabatterte deltakarplassar på arrangement. Døme er foredrag, seminar, kompetansehevande tiltak, kurs og møteplassar i regi av næringshagane i Hardanger, Ullensvang og på Voss
  • Kort veg til næringshagane sine nettverk og samarbeidspartnarar, regionalt og nasjonalt.
  • Fast kontaktperson
  • Tilgang til dei samla rådgjevarressursane hjå næringshagane i Hardanger, Ullensvang og Voss
  • Påverknadskraft på kva arrangement, seminar og kurs me held

Me kan mellom anna hjelpa med:

  • Strategi og organisasjons- og forretningsutvikling
  • Produkt-, konsept- og tenesteutvikling
  • Marknadsføring og kommunikasjon
  • Etablerarhjelp ved nyskiping, mellom anna val av selskapsform- og struktur
  • Økonomistyring og målfokus
  • Rettleiing ved søknad om midlar frå til dømes næringsfond, Innovasjon Norge og SkatteFUNN
  • Prosess- og prosjektleiing
  • Nettverkssamarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Kopling mot forsknings- og kompetansemiljø i samband med innovasjonsprosessar

Ta kontakt med Nils, Sigbjørn eller Kjersti for meir informasjon!